Rasefjærfe
Stripegås
Stripegås (Anser indicus) er ein gåseart som hekkar i Sentral-Asia i koloniar ved høgtliggjande innsjøar på Tibetplatået nordaust til Mongolia. Dei overvintrar i Sør-Asia, så langt sør som på Det indiske subkontinentet.

Fuglen er bleik grå og kan lett skiljast frå dei andre grågjæsene i slekta Anser med kvitt hovud, hals og strupe, og svarte tverrstriper på hovudet og svart ned langs nakken. Dei er òg mykje bleikare enn dei andre gjæsene i denne slekta. I flukta ropar dei med typisk gåsetuting. Vaksne fuglar er 71-76 centimeter i lengd og veg 1,87 til 3,2 kilo.
Sommarhabitata er ved høgtliggjande innsjøar der fuglen beitar på kort gras. Om sommaren lever dei innanfor landegrensene avRussland, Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Mongolia og Kina, og hekkar hovudsakleg på Tibetplatået. Hoa legg 3-8 egg i kullet i reir på bakken.
Stripegåsa er rekna å vere ein av dei høgastflygande fuglane i verda under trekk, pålitande registreringar med sporingsteknologi har synt at dei har nådd 6437 moh. i Himalaya, jamvel om somme gjev 9000 moh. som ei maksimal flygehøgd for stripegåstrekket. Det er no kjent at dei tilsynelatande finn lågare trekkruter gjennom pass over fjella. Under vårtrekket nordover frå låglandet i India til hekkeområda på Tibetplatået gjer dei flyginga over Himalaya utan stopp på så lite som sju timar. Overraskande, trass føreseieleg bakvind som blæs nord og opp Himalaya, vil stripegjæser unngå vind, og ventar til det stilnar av, deretter gjer dei den største stinging under flyging som nokosinne er registrert for fugl, frå nær havnivå til høgda i Himalaya og dei opprettheld høgda i fleire timar. Stripegåsa er kjent for å vere godt rusta for denne utruleg utfordrande migrasjon. Vengene har ei litt større bereflate for kroppsvekta enn andre gjæser, noko som blir trudd å hjelpe gåsa til å flyge i stor høgd.[4] Studiar har funne at dei pustar djupare og meir effektivt under tilhøve med lågt oksygeninnhald.
Hemoglobinet i blodet deira har ein høgare oksygenaffinitet enn blant andre gjæser.
Stripegåsa trekkjer sør og over Himalaya for å halde seg gjennom vinteren i delar av Pakistan, Nepal og landa rundt Bengalbuktamedrekna India. I India frå Assam til så langt sør som Tamil Nadu. Vinterhabitata er dyrka marker, der dei beitar på bygg, ris og hvete, og kan derfor skade avlingar. Fuglar frå Kirgisistan er registerert på rasteplassar i vestlege Tibet og sørlege Tadsjikistan i 20 til 30 dagar før dei held fram lenger sør.
Fuglearten fekk merksemd frå medisinsk vitskap som eit tidleg offer av H5N1-viruset, høgpatogen fugleinfluensa, i Qinghai, Kina. Stripegjæser er utsett for predasjon frå kråker,rev, ramn, bandhavørn, måsar og andre.
Dei er ofte haldne i fangenskap, i Europa finst ein forvilla stamme og det blir gjort regelmessige observasjonar av stripegjæser i Noreg.

Wikipedia